20.10.2010
I morgo har vi hatt Vilma i 2 veker. Me henta ho 07.10.10 på Gol Camping. Dagen etter reiste vi til sogndal for helsesjekk og markekur. Noko som gjekk heilt fint:)). Da vi kom heim fekk ho seg eit godt bad av Heine og meg. Ikkje heilt velvillig men ok. Det tok nokre dagar før ho og Niko fann heilt tonen, men no er dei perlevenner. Dei vaskar kvarandre og leiker ilag:-)). Fyste veka blei Vilma med meg på jobb, der fann ho seg raskt til rette:-). Sist helg var vi på kvardagslydigheitskurs, noko som var veldig lærerikt for oss begge

Vilma tar ting veldig fort, men uvant å sitt på kne å jobbe for meg

. Ho åt seg mett på godbitar laurdagen at på søndag ville ho ikkje ha dei;-)). Men me lærte masse alikevel:-)). Me har trent mykje på innkalling og det har kommet seg veldig. No kan ho og Niko springe fritt på fotballbana på Svalheim. Da kosar dei seg veldig.
Har i dag vore på vår fyste agilitytrening. Vilma blei "bitt av basillen "

. Ho lærte 5 forskjellige hinder i dag. Tunell, slalom, hjul, møne og vanleg hinder. Ho var så flink at me klarte å fullføre ein kombinasjon med tunell, slalom og hinder

Så detta skal bli kjempemoro

. I kveld var ho veldig sliten

.
Siste veka har ho blitt "varm i trøya", no er det fart fra morgon til kveld. Ho elskar å leike med Niko, Heine og oss. Klør veldig i tennene så ho e begynt å bite litt i ting og tang, men det er sånt vi må rekne med

. Tyggebein er ein fin ting der

.